Kjærleik for trevirke

Me møter Samuel Mhreteab Ghdey på Geilo der han og kollegaene gjer den siste finpussen på ei hytte. Hytta er ei arkitektteikna perle med panoramautsikt i alle himmelretningar.

– Det er spennande å få vera med på byggeprosjekt som dette, seier Samuel. Han har vore med på dette prosjektet frå fyrste hammarslag.

Me må reise heilt til Eritrea i 2014 for finne rota til Samuel si interesse for trevirke. Der gjekk han eit møbelsnikkarkurs, og jobba i ein møbelsnikkarverkstad eit halvt års tid. Det skulle deretter gå nokre år før han fekk halde fram å dyrke interessa si.

I 2015 flytta han til Norge, og i 2019 var Samuel klar for å begynne på vidaregåande skule. Draumen om å bli møbelsnikkar levde framleis, så han begynte på tømrarlinja på Ål vidaregåande skule. Planen var å ta seg vidare til møbelsnikkar.

– Det er ein fantastisk arbeidsplass med gode kollegaer,

og eg får vera like delaktig i dei spennande byggeprosjekta,

som dei erfarne, fortel Samuel.

Men, i løpet av det fyrste året oppdaga han at tømraryrket var vel så spennande. Han korrigerte kursen, og bestemte seg for å bli tømrar. Som del av utdanninga vart Samuel utplassert hjå Hendug, og i 2021 trong han lærlingplass. Hendug og Samuel var fornøgd med kvarandre gjennom praksisperioden, så Samuel fekk lærlingkontrakt. Han fullførte læreløpet og tok fagbrev som tømrar i 2023.

Som fersk fagarbeidar vart han tilsett i Hendug, og no stortrivst han.

– Det er ein fantastisk arbeidsplass med gode kollegaer, og eg får vera like delaktig i dei spennande byggeprosjekta, som dei erfarne, fortel Samuel.

Han trekker fram at han har vore heldig å få jobbe på fleire ulike prosjekt.

– Eg har jobba med rause formenn på alle byggeplassane, som tek seg tid til å vise og lære bort. Samuel har ikkje angra ein dag på valet sitt om å bli tømrar, han elskar å jobbe med hendene og med trevirke. Han har vorte ein hendug, og får altså lov til å gjera dette kvar einaste arbeidsdag.

– Det kunne ikkje vore betre, seier han.

– Me treng fleire som Samuel, lærlingar som etter fagprøva vil utøve yrket som tømrar, seier dagleg leiar i Hendug, Morten Gjeldokk.

Ei utfordring i tømrarbransjen er at fleire og fleire nyutdanna tømrarar vel å ta høgare utdanning. Lokale og erfarne handverkarar innan byggenæringa har vorte, og blir, ei mangelvare framover, meiner Morten.

– Mykje mellombels og utanlandsk arbeidskraft forsvann under pandemien, og med jamt over mindre byggeaktivitet i Norge og ei norsk krone som knapt er verdt ei krone, så er det ikkje attraktivt å reise hit for å jobbe.

Hendug er alltid på jakt etter erfarne fagfolk og treng lærlingar som blir verande i tømraryrket etter fagprøva. Hendug byr på spanande utfordringar, eit godt arbeids- og fagmiljø.

– Er du tømrar og vurderer eit liv i Hallingdal, eller er du ung halling og søker ei sikker arbeidsframtid, ta kontakt me oss i Hendug. Me har plass til fleire!, avsluttar Morten.

Les mer på hendug.no

Se andre saker