Vi spør leiar av teknisk drift, Bjørn Olav Viken kva for potensiale han ser for seg innan vatn og avlaupssektoren i tida som kjem. Forureiningssituasjonen i Oslofjorden og nytt avlaupsdirektiv sett strengare krav til reinsing. Samstundes opplever kommune Norge eit enormt investeringsetterslep. Interesseorganisasjonen Norsk Vatn peiker på eit behov på over 200 mrd. kroner i leidningsnett frem mot 2040.
Kva betyr dette for Hemsedal?
Kommunen har dei siste åra investert rundt 200 millionar i vatn- og avlaupssystem; høgdebasseng, vatn og avlaupsleiingar, vassverk og reinseanlegg. Nye investeringar ventar og det kan vere snakk om 350 mill. knytt til reinseanlegg med leidningsnett. Gode og berekraftige løysningar, og drift av desse sett krav til kompetanse. Kunnskap om drift og investering er samansett, og det er behov for kompetanse innan yrkesfag og ingeniørområdet.
Betyr dette at Hemsedal har ledige stillingar i dag?
Ikkje i dag, men behova kjem. Vi drifter om lag 50 km VA leidningar, 2 reinseanlegg, 2 vassverk, 4 høgdebasseng og ei rekkje pumpestasjonar og i tillegg planlegg vi for framtidige investeringar. Avhengig av utviklinga kan ein rekne med 1-3 nye stillingar i kommande 3-5 års periode – alternativt kjøp av konsulentbistand eller samarbeid regionalt.
Kva legg du i samarbeid regionalt?
Med utfordringane me står ovafor også nasjonalt er det viktig å poengtere at vi er sårbare med tanke på personell og kompetanse. For å bli mindre sårbare er det nødvendig med meir samarbeid på tvers av kommunegrensene, spesialisering, større einingar og større fagmiljø. Vi har allereie eit godt samarbeid regionalt– så potensialet ligg der.